mandag 11. juli 2022

Rjåhornet på Nerlandsøya


Denne søndagen bestemte vi oss for å gå på eit fjell vi ikkje har vore på før - Rjåhornet på Nerlandsøya. Vi parkerte ved bedehuset på Kvalsund, men såg då vi kom opp til starten på råsa, at vi kunne parkert der. Grei plass til to bilar.


Heile vegen fram til målet, var det god skilting.


 Første del av turen gjekk over nedhøgd skog, før vi kom inn i skogen. Fin sti i idylliske omgivnadar.





Rjåhornet har ei høgd på 419 moh.



Vi synest dette var ein veldig fin tur. Litt oppover og litt bortover. Flott utsikt på toppen og muligheter for å gå på andre toppar. På toppen er det eit panorama-fotografi med namn på fjelltopper ein kan sjå.







Ein veldig våt tur, godt inn i juli. Mange plassar rann det små bekkar i stien.


torsdag 7. juli 2022

Skåla

Dette er nærtoppen min og dit eg går når eg berre skal ha ein kjapp tur. Den er 184 moh og eg brukar ca ein time opp og nedatt. Det er fin sti, men nokre plassar kan det vere blautt. Det er det ofte, sidan eg bur på Sunnmøre. Trimgruppa til idrettslaget har lagt ut sagmask og landgangar på dei verste plassane. Det er fin utsikt mot Skorpa, Ytre-Herøy og Ulstein.
Utsikt mot Flø

Utsikt mot Skorpa


Utsikt mot Tjørvåg






Rjåhornet på Nerlandsøya

Denne søndagen bestemte vi oss for å gå på eit fjell vi ikkje har vore på før - Rjåhornet på Nerlandsøya. Vi parkerte ved bedehuset på Kvals...